Forskingsbasert kunnskap ligg til grunn for utvikling av både folkehelsepolitikken og helsetenestene. Denne kunnskapen blir utvikla gjennom eit samspel mellom pasientar og innbyggarar, dyktige fagfolk, visjonære leiarar, moderne teknologi, profesjonell infrastruktur og helsenæringa.

Regjeringa sin visjon er at klinisk forsking skal vere ein del av all pasientbehandling og klinisk praksis, og at Noreg skal vere blant dei mest attraktive landa i Europa for gjennomføring av industristudiar. Planen er utvida til å omfatte all klinisk forsking, og forskingsberedskap er eit nytt innsatsområde slik at systemet for klinisk forsking kan skalerast og raskt respondere ved kriser.

Øvrige deltakarar: Representantar for sjukehusleiinga og dei regionale helseføretaka, leiinga ved Neuro-SysMed ved Haukeland universitetssjukehus HF, LMI, Kreftforeininga og KS.

Tid: Måndag 23. mars klokka 13.00–14.00
Sted: Radiumhospitalet, Auditoriet, L1U1, Ullernchausseen 70
Kontaktperson: Anne Kathrine Aambø, 41 29 30 18